Kolossarane 3 - Norsk oversettelse 1938 nynorskDei truande skal ikkje hava hugen sin vend til det som er på jordi, men til det som er i himmelen, av di dei hev døytt frå verdi og hev livet sitt einast i Kristus, 1-4. Dei skal meir og meir leggja av dei udygdene og lastene som dei hadde i heidenskapen, avkleda seg det gamle mennesket og iklæda seg det nye, 5-11. Difor skal dei leggja vinn på kjærleik i all si ferd, lata Kristi ord bu rikeleg hjå seg og gjera alt i hans namn, 12-17. So syner Paulus korleis eit slikt heilagt liv skal levast av ektefolk, 18.19, born og foreldre, 20.21, tenarar og husbondsfolk, 22-4,1. 1 Er de då uppreiste med Kristus, so søk det som er der uppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand! 2 Hav hug til det som er der uppe, ikkje til det som er på jordi! 3 For de er hev døytt, og dykkar liv er løynt med Kristus i Gud. 4 Når Kristus, vårt liv, vert openberra, då skal de og verta openberra med han i herlegdom. 5 So døyd då dykkar jordiske lemer: utukt, ureinskap, ovhug, vond lyst og havesykje, som er avgudsdyrking! 6 for desse ting kjem Guds vreide yver dei vantruande; 7 millom dei ferdast de og fordom, den tid de levde i desse ting; 8 men no skal de og leggja dei alle av: vreide, illska, vondskap, spotting, skamleg tale av dykkar munn. 9 Ljug ikkje mot kvarandre, de som hev avklædt det gamle mennesket med dei gjerningar det gjer, 10 og iklædt dykk det nye, som vert uppnya til kunnskap etter sin skapars bilete; 11 her er ikkje grekar og jøde, umskjering og fyrehud, barbar, skyte, træl, fri man, men Kristus er alt og i alle. 12 Iklæd dykk då, som er Guds utvalde, heilage og kjære, hjarteleg miskunn, godleik, audmykt, spaklynde, langmod, 13 so de toler kvarandre og tilgjev kvarandre, um nokon hev kjæremål mot noko; som Kristus tilgav dykk, soleis de og! 14 Men attåt alt dette iklæd dykk kjærleiken, som er bandet um fullkomenskapen! 15 Og Kristi fred råde i dykkar hjarto, den som de og vart kalla til i EIN lekam, og ver takksame! 16 Lat Kristi ord bu rikleg hjå dykk, so de lærer og påminner kvarandre i all visdom med salmar og lovsongar og åndelege visor og syng yndeleg i dykkar hjarto for Gud, 17 og alt som de gjer i ord eller gjerning, gjer det alt i Herren Jesu namn, med takk til Gud Fader ved han! 18 De konor, ver mennene dykkar undergjevne, so som det sømer seg i Herren! 19 De menn, elska konone dykkar og ver ikkje beiske imot dei! 20 De born, lyd foreldri dykkar i alle ting! for det er til hugnad for Herren. 21 De fedrar, arga ikkje borni dykkar, so dei ikkje skal missa modet! 22 De tenarar, ver lydige i alle ting mot herrane dykkar etter kjøtet, ikkje med augnetenesta, som slike som strevar etter å tekkjast menneske, men i hjartans einfelde, med di de ottast Herren! 23 Det de gjer, gjer det av hjarta, so som for Herren og ikkje for menneske, 24 for de veit at de skal få arven til løn av Herren. Ten Herren Kristus! 25 For den som gjer urett, skal få den urett att som han gjorde, og det vert ikkje gjort skil på folk. |
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2
Norwegian Bible Society