Aanlyn Bybel

- Advertensies -

Ester 7 - Norsk oversettelse 1938 nynorsk


I gjestebodet hjå Ester bed ho um livet for seg og folket sitt, og då kongen spør kven det er som vil tyna jødane, nemner ho Haman, 1-6. Kongen vert harm; Haman bed for seg, men kongen byd at han skal hengjast upp i den galgen han hev reist åt Mordekai, 7-10.

1 So kom då kongen og Haman til gjestebodet hjå dronning Ester.

2 Denne andre dagen og sa kongen til Ester, medan dei sat og drakk vin: Er det noko du vil beda um, dronning Ester? Det skal gjevast deg. Er det noko du ynskjer? Du skal få det, um det so var helvti av riket.

3 Då svara dronning Ester: Hev du nokon godvilje for meg, konge, og er det etter ditt tykk, so unn meg livet for bøni mi skuld, og folket mitt for ynsket mitt skuld!

4 For me er selde, både eg og folket mitt, til å øydast og drepast og tynast. Var det endå berre til å vera trælar og trælkvinnor me var selde, so skulde eg tagt; men no er fienden vår ikkje god til å bøta det tapet kongen lid.

5 Då tok kong Ahasverus til ords att og spurde dronning Ester: Kven er han, og kvar er han som hev våga seg til å gjera slikt?

6 Ester svara: Det er ein motstandar og fiende - det er Haman, det illmennet der! Då vart Haman so forfærd at han torde ikkje sjå dit som kongen og dronningi sat.

7 Kongen reiste seg i vreide; han tok ut frå gjestebodet og gjekk ut i slottshagen; men Haman vart att inne - han vilde beda dronning Ester um livet sitt; for han skyna at kongen var fullrådd på å valda han vondt.

8 Då kongen kom attende frå slottshagen til gjestebodshuset, låg Haman framyver kvilebenken som Ester sat på. Då ropa kongen: Vil han jamvel taka dronningi med vald, og det her i mitt eige hus! Ikkje fyrr var det ordet fare or munnen på kongen, fyrr dei sveipte inn andletet hans Haman.

9 Og Harbona, ein av dei hirdmennene som då gjorde tenesta hjå kongen, sa: Sjå, innmed huset hans Haman stend det alt ein galge, femti alner høg! Den hev Haman late gjera åt Mordekai, han som ein gong gjorde kongen so stort gagn med ordi sine. Då sa kongen: Heng han upp i den!

10 So hengde dei Haman upp i den galgen som han hadde reist åt Mordekai. Og harmen rann av kongen.

© Norwegian Bible Society 1938

© Bibelselskapet 1938

https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Norwegian Bible Society
Volg ons:



Advertensies