Aanlyn Bybel

- Advertensies -

Daniel 10 - Norsk oversettelse 1938 nynorsk


I tridje styringsåret åt persarkongen Kyrus syrgjer, fastar og bed Daniel i tri vikor, 1-3. Straks etter hev han ei syn attmed Tigris-elvi. Han ser ein mann i strålande skapnad (Guds Son) og vert maktstolen då han fær sjå han, og då han so høyrer den veldige røysti hans, sig han i uvit til jordi, 4-9. Ein engel styrkjer han, vissar han um at Gud straks hev høyrt bøni hans, greider ut for han kvifor han like vel er komen fyrst no - han hev heile tidi lote strida med englehovdingen yver Persia; i denne striden hev Mikael, ein av dei framste englehovdingane, hjelpt han - og segjer at han no vil forkynna kva som skal henda Guds folk i dei siste dagane, 10-14. Profeten, som endå er redd, vert styrkt på nytt, 15-18; engelen segjer han at han no lyt fara attende og halda fram med striden mot englehovdingen yver Persia og sidan mot Grekarlands-hovdingen; berre Mikael, englehovdingen åt jødane, skal hjelpa han i denne striden; men fyrst vil han like vel forkynna han kva som er skrivi um framtidi i sanningsboki, 19-20; 11,1.

1 I det tridje styringsåret åt persarkongen Kyros kom det i ei openberring eit ord til Daniel, som dei og kalla Beltsasar; det ordet er sant og varslar stor trengsla. Og han merkte seg ordet og akta på syni.

2 Eg, Daniel, hadde då gjenge og syrgt i tri vikor;

3 eg åt ikkje noko slag forkunnmat, og kjøt og vin kom ikkje i min munn, og ikkje heller salva eg meg fyrr dei tri vikone var lidne.

4 Den fire og tjugande dagen i fyrste månaden, medan eg stod på breddi åt den store elvi, det er Hiddekel,

5 såg eg upp, og då fekk eg sjå ein mann som stod der; han var klædd i linklæde, og kring lendene hadde han eit belte av Ufas-gull;

6 lekamen hans var som krysolit, andletet skein som ljonet, augo var som eldslogar, armane og føtene var som skinande kopar å sjå til, og ljomen av talen hans var som ein veldig dun.

7 Eg, Daniel, var den einaste som såg syni; dei mennene som var med meg, såg ikkje syni, men det kom stor redsla kom på dei, so dei flaug av og gøymde seg.

8 So vart eg att åleine. Og då eg såg denne store syni, vart eg reint maktstolen; eg skifte leter i andletet so eg vart nåbleik, og eg åtte ingi makt meir.

9 Då høyrde eg ljomen av talen hans; og då eg høyrde ljomen av talen hans, seig eg i uvit å gruve med andletet mot jordi.

10 Då kjende eg at ei hand tok i meg og hjelpte meg, so eg skjelvande vann meg upp på kne og hender.

11 So sa han til meg: Daniel, du gjæve mann, akta på dei ordi som eg vil tala til deg, og ris upp og statt! For no er eg send til deg. Og då han tala soleis til meg, reis eg skjelvande upp.

12 So sa han til meg: Ottast ikkje, Daniel! For alt frå den fyrste dagen du la hugen på å vinna skyn og å audmykja deg for din Gud, hev ordi dine vore høyrde, og for ordi dine skuld er eg komen no.

13 Hovdingen yver persarriket stod meg imot i ein og tjuge dagar; men då kom Mikael, ein av dei fremste hovdingane, og hjelpte meg, so eg fekk yvertaket der hjå kongen i Persia.

14 Og no er eg komen og vil segja deg kva som skal hendast folket ditt i dei siste dagane; for dette er og ei syn som siktar på dei dagane.

15 Medan han tala soleis åt meg, vende eg andletet mot jordi og var mållaus.

16 Men sjå, ein som var lik eit menneske, tok på lippone mine. Då let eg upp munnen og tala og sa til han som stod framfor meg: Herre, ved den syni eg hev havt, hev det kome slik verk yver meg at eg eig ingi makt lenger;

17 kor skulde då tenaren åt herren min, ein sovoren som eg, kunna tala med ein slik ein som herren min er? Hjå meg finst det ingi makt meir, og det er ikkje ande att i meg.

18 Ein som såg ut som eit menneske, tok då atter i meg, og han sa: Ottast ikkje, du gjæve mann! Fred vere med deg! Ver berre hugheil! Og som han tala med meg, kjende eg kor eg styrkjest, og eg sa: Tal, herre! For du hev styrkt meg.

19 Då sa han: Veit no du kvifor eg er komen til deg? No lyt eg fara attende og strida mot hovdingen yver Persia; og når eg dreg ut, då kjem hovdingen yver Grekarland.

20 Men fyrst vil eg kunngjera deg kva som er skrive i sanningsboki. Og det finst ikkje ein som hjelper deg mot dei, utan Mikael, hovdingen dykkar;

© Norwegian Bible Society 1938

© Bibelselskapet 1938

https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Norwegian Bible Society
Volg ons:



Advertensies