Amos 1 - Norsk oversettelse 1938 nynorskAmos, ein hyrding frå Tekoa, som spådde medan Ussias og Jeroboam den andre var kongar, 1, forkynner ein stor og ålmenn vreidedom frå Herren, 2. Denne domen skal råma Damaskus og Syria, 3-5, filistarane, 6-8, Tyrus, 9.10, Edom, 11.12, og Ammons-borni, 13-15. Alle desse grannefolki åt Israel skal få straff for dei misgjerningane dei hev gjort seg skuldige i mot Israel av hat til det, for di det er Guds folk. 1 Dei ordi som Amos, ein av hyrdingane frå Tekoa, fekk i sine syner um Israel i dei dagane då Ussias var konge i Juda og Jeroboam Joasson konge i Israel, tvo år fyre jordskjelven. 2 Han sa: Herren skal bura frå Sion og lata røysti si ljoma frå Jerusalem; då skal hyrding-lidene syrgja, og Karmels topp verta svidd. 3 So segjer Herren: For tri misgjerningar av Damaskus, ja for fire tek eg det 'kje att - for di dei treskte Gilead med sledar av jarn; 4 men eg sender eld mot Hasaels hus, han skal øyda slotti åt Benhadad; 5 so bryt eg sund portbommen åt Damaskus og ryd ut dei som bur i Avendalen, og han som ber kongsstav, i Bet-Eden; og Syria-folket skal førast til Kir, segjer Herren. 6 So segjer Herren: For tri misgjerningar av Gasa, ja for fire tek eg det 'kje att - for di dei førde alt folket burt og gav dei i Edoms vald; 7 men eg sender eld mot Gasas murar, han skal øyda slotti der; 8 so ryd eg ut dei som bur i Asdod, og han som ber kongsstav, i Askalon; eg vender mi hand mot Ekron, og den siste filistar skal verta tynt, segjer Herren, Israels Gud. 9 So segjer Herren: For tri misgjerningar av Tyrus, ja for fire tek eg det 'kje att - for dei gav alt det burtførde folket i Edoms vald og ikkje kom i hug si brorpakt; 10 men eg sender eld mot Tyrusmuren, han skal øyda slotti der. 11 So segjer Herren: For tri misgjerningar av Edom, ja for fire tek eg det 'kje att - for di han elte bror sin med sverd og kjøvde sin samhug, og stødt let sin vreide rasa og alltid heldt på sin harm; 12 men eg sender eld imot Teman, han skal øyda slotti i Bosra. 13 So segjer Herren: For tri misgjerningar av Ammons-borni, ja for fire tek eg det 'kje att - for di dei riste upp barnkonor i Gilead då dei vilde auka sitt land; 14 men eg kveikjer eld i Rabbas mur, han skal øyda slotti der, medan herropet ljomar på ufredsdagen, og stormen rasar på hardversdagen; 15 i utlægd lyt kongen deira fara, både han og hovdingane hans, segjer Herren. |
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2
Norwegian Bible Society